TV-aksjonen NRK 2022 - Leger utan grenser

Tv-aksjonen - Klikk for stort bildeGod stemning på skulekjøkkenet Skjåk kommune

 På skulekjøkenet i Skjåk samla Flykningtenesta tysdag ein god gjeng frå ulike stader i verda. Dei produserte lunsj til heile 70 personar. Inntektene frå dette gjekk eine og aleine gå til TV aksjonen og Leger Utan Grenser.

TV aksjonen - "verdas største dugnad"

Akkurat nå ventar millionar av menneske på å bli behandle av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang til helsehjelp er ingen sjølvfylgje. Tv aksjonen i år går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gje livreddande helsehjelp til menneske som treng det mest. Delar av pengane som vert samla inn skal gå til forskningsorganisasjonen DNDi som utviklar medisin mot kjende og ukjende sjukdomar.

TV aksjonen NRK er verdas største dugnad og har vore arrangert kvart år sidan 1974. Det lokale engasjementet er noko av det som gjer TV-aksjonen heilt unik.

På skulekjøkenet i Skjåk

På skulekjøkenet i Skjåk har Flykningtenesta samla ein god gjeng frå ulike stader i verda. Tysdag produserte dei lunsj til heile 70 personar. Dei laga herlege rettar frå heimlandet deira. Inntektene frå dette skal eine og aleine gå til TV aksjonen og Leger Utan Grenser. Ordførar Edel Kveen, vart invitert til smaksprøver og ein prat medan lunsjen vart laga. Her var det engasjement, latter, herleg lukt og nydelege smakar. For mange av dei som deltok var det ekstra godt å få bidra til akkurat dette formålet.

Som takk for maten og tiltaket delte Edel ut forkle frå Skjåk kommune til alle som deltok.

TV aksjonen vil ha eigen stand under Hausttakk i Skjåkhallen den 8. oktober. "Gutta på retur" arrangerer kafé på Veltsætre Her blir det moglegheit for fleire til å bidra.