Trafikksikkerheit i fokusOm lag 70 personar møtte på trafikksikkerheitsdagen på Skjåk folkebibliotek. 9. og 10. klasse ved Skjåk barne- og ungdomsskule var spesielt invitert.Foredrag med Anders Graff Kleven + lunsj og musikkArrangementet starta med servering av gulrotsupe med gulrot frå Søre Hosar, rundstykker og rips- og kreklingsaft. Anna Kvåle og Oddveig Hosar sto for serveringa og maten.Dei frammøtte fekk høyre ei sterk historie frå ein engasjert Anders Graff Kleven som har vore hardt prøva etter ei stygg trafikkulykke.Tusen takk for påminninga om at livet kan bli snudd opp ned på eit augeblikk og at vi må ta vare på kvardagen og kvarandre. Godt å sjå det det går an å komme seg opp og attende til eit normalt liv etter slike utfordringar som Anders har vore utsett for. På eit lite døgn i Skjåk har Anders spreidd mykje hjartevarme og glede rundt seg. Det gjeld både gjennom foredraget, men også som den energiske og livsglade personen han er og viser gjennom møte med andre. Han rakk å bli assosiert skjåkvær på denne stunda!Arrangementet var eit samarbeid med Trafikksikkerhetsutvalget i Innlandet fylkeskommune.Her er nokre bildeglimt frå arrangementet: Publisert 01.11.2024 15.41