Totalforbodet mot open brenning oppheva i SkjåkFrå og med i dag, fredag 10. august, er totalforbodet mot å gjere opp eld og open brenning oppheva i Skjåk. Vi vil likevel minne om det generelle bålforbodet som gjeld i Norge i tidsrommet 15. april til 15. september. Totalforbodet mot open brenning oppheva Frå og med i dag, fredag 10. august, er totalforbodet mot å gjere opp eld og open brenning oppheva i Skjåk. På grunn av ein del nedbør i det siste og lågare nattetemperatur, er skogbrannfaren redusert. Vi vil likevel minne om det generelle bålforbodet som gjeld i Norge i tidsrommet 15. april til 15. september. Dette inneber at det framleis er forbode å gjere opp eld i og i nærleiken av skog og anna utmark. Det er lov å gjere opp bål på tilrettelagte plassar og stader som utan tvil ikkje kan medføre brannfare. Hugs at det er du som tennar bålet som også er ansvarleg. Gardbrukarar som ønskjer å brenne kvist og reint trevirke kan gjere dette på innmark, men må melde frå til Alarmsentral Brann Innlandet, tlf 61 14 80 00 og til lokal brannvakt. Brannvesen i Skjåk vil takke for at det har vore vist stor forståing for forbodet denne sommaren, noko som har medført at det har gått bra og vi har unngått store skogbrannar. Vedlegg: «forskrift om brannforebygging». Frå 15 april til 15 september er generelt forbod mot opptenning av bål i eller nær skog- og utmark. Publisert 10.08.2018 14.44