Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg
Skjåk kommunestyre vedtok 22. mars å slå saman Hovudutval for kultur og oppvekst og Hovudutval for helse og omsorg til eitt nytt hovudutval – Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg (HOO).
HOO får sju medlemmer ut kommunestyreperioden. I neste periode blir medlemstalet redusert til fem, i tråd med tidlegare vedtak.
Endringa blir sett i verk frå 1. mai 2018, etter at kommunestyret har vald medlemmer til det nye hovudutvalet.
Hovudutval for miljø og næring held fram som før.