Tilskot til inkludering av barn og unge 2025

Tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge» er no lyst ut for 2025. De finn informasjon på Bufdirs nettsider. Søknadsfrist 1. november 2024

Tilskot til inkludering av barn og unge 2025

Mål og målgruppe 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å hamne i utanforskap. 

Desse kan søkje: 

  • Offentlige instanser
  • Frivillige organisasjoner
  • Private aktører

Frist for å søke:

  • Fredag 1. november 2024

Slik søkjer du:

  1. Sett deg inn i regelverket og informasjonen på ordninga si nettside.
  2. Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desse).

Etter at du har sendt søknaden

Slik blir søknadene handsama:
Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på avgjerande politisk eller administrativt nivå. Etter at kommunen er ferdig med rangeringa, set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på Bufdirs nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontakt

Inger Helene Brandsar
Kommunalsjef
Telefon 901 23 165