
- Røystestad på valdagen
kommunestyresalen på kommunehuset - Opningstid på valdagen
måndag 8. september 2025 kl 09.00 - 18.00
Tidlegstemme
Frå 1. juli til 8. august kan du tidlegstemme i kva kommune som helst dersom du ikkje har høve til å stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen.
Ta kontakt med kommunen du ønskjer å tidlegstemme i for meir informasjon.
I Skjåk kommune kan du tidlegstemme i servicetorget frå 1. juli til 8. august i servicetorget si opningstid som er kl 09.00-15.00.
Førehandstemme
Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst frå 11. august til 5. september.
Skal du stemme på valdagen må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.
Når valet nærmar seg, finn du adresser og opningstider for alle førehandsstemmestadene i landet på valglokaler.no.
I Skjåk kommune kan du førehandstemme i servicetorget frå 11. august til 5. september i servicetorget si opningstid som er kl 09.00-15.00.
Utfyllande informasjon finn du på nettsidene til Valg.no og Sametinget.no
Stemmerett og manntall
For å stemme må du ha stemmerett og vere innført i manntallet i ein kommune.
Les meir om stemmerett og manntall på nettsidene til Valg.no.
Legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal stemme.
Utfyllande informasjon om legitimasjon finn du på nettsidene til Valg.no.