Stillingar som badevakt

Er du ansvarsfull og aktiv? Da kan du vere aktuell som badevakt ved ny opning av Skjåkhallen. Skjåkhallen har to basseng, eit 25m symjebasseng og eit terapibasseng på 12m.

Dedig to delstillingar som badevakt

Vi har ledig to delstillingar på inntil 60 %. Det er forventa oppstart når Skjåkhallen står klar, truleg i januar 2025. Stillingane ligg under teknisk drift, og er i fyrste omgang mellombelse fram til juli 2025. Vårhalvåret 2025 vil vere ei prøveperiode der kommunen vil finne ut kor stor opningstida skal vere framover. Stillingane kan difor bli faste stillingar på sikt.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillingane

Du er badevakt når det er ope offentleg bading pluss ein halv time før og etter opningstid. Arbeidstida vil fylgje tidene under (Med atterhald om endringar i prøveperioden):

  • Måndag, klokka 16:30 – 21:30
  • Tysdag, klokka 16:30 – 21:30
  • Fredag, klokka 16:30 – 21:30
  • Laurdag, klokka 09:30 – 14:30
     
  •  Vi forventer at du held tilsyn av bassengområdet og i garderobene.
  • Du må bidra til eit triveleg bademiljø for besøkande ved å rydde og halde orden.
  • Etter endt bading må utstyr og badeleiker ryddast.
  • I billettluka må du selge inngangsbillettar, og ellers svare på spørsmål fra publikum.
  • Det ligger og til stillingane å utføre livreddande fyrstehjelp i situasjoner som krev det.

Kvalifikasjoner ei badevakt må ha

  • Du må ha godkjent livredningskurs kurs før tiltredelse. Naudsynt opplæring vil bli gjeve.
  • Som livreddar må du klare å halde hovudet kaldt i ein stressande situasjon. 
  • Det er avgjerande å ha gode symjeeigenskapar og kunne dykke ned til 2 meter. 
  • kjarar må beherske norsk språk, både skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må vere over 18 år.
  • Politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar vi ser etter

  • Deg som er ansvarsfull og har respekt for besøkande i alle aldersgrupper.
  • Du må vere hyggeleg og høfleg overfor besøkande.
  • Jobben er i eit serviceyrke, og det viktig å ha god serviceinnstilling mot publikum. 

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning

Attestar og vitnemål blir etterspurt til søkjarar som blir invitert på intervju

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med tenesteleiar teknisk drift, Bernt Dahl, mobil 45 31 33 01 / bernt.dahl@skjaak.kommune.no

Søknadsfrist 27. oktober 2024

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Bernt Dahl
Teknisk sjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 453 13 301