Stilling som barne- og ungdomsarbeidar

Skjåk kommune har ledig inntil 100 % vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen frå januar 2025.

Barne- og ungdomsarbeidar

Stillinga er førebels ut barnehageåret 2024/2025. Stillinga kan bli fast, og andre stillingsstorleikar kan også bli ledige.

 Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg
  • Erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt
  • Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest

 Vi vektlegg at du

  • har gode samhandlingsevner
  • er raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardag
  • tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med barnet i sentrum
  • er fleksibel i høve til omstillingar
  • er ein person med evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • er ein person med interesse for fag og fagutvikling
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har god kjennskap til bruk av IKT

 Menn blir oppmoda om å søkje.

 Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning 

Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Mogunn Synstnes, mobil 482 92 406, eller Heidi Jevnheim mobil 901 93 957.

Søknadsfrist 17. november 2024

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. 

 Kommunedirektøren

 

 

Kontakt

Mogunn Synstnes
Styrar Holemork og Bismo barnehage
Mobil 482 92 406