Steinras, Bispberget - oppdatert kl.15.30. - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Steinras, Bispberget - oppdatert kl.15.30.

Steinras, Bispberget - oppdatert kl.15.30. 

Steinras, Bispberget – oppdatert kl. 15.30

Geologar har no vurdert plasseringa av skredområdet (også utifrå bilder og dronebilder) og samanlikna dette med tilgjengeleg grunnlagsdata og tidlegare undersøkingar i området. NGI (Noregs Geotekniske Institutt) gjennomførte ei detaljert skredfarekartlegging i 2018 på oppdrag frå NVE. Heile utløpsområdet ligg godt innanfor dei områda som er vurdert som faresoner for steinsprang og steinskred.

Basert på desse vurderingane og tilbakemeldingane frå geologoane ser ikkje politiet (og geologar) behov for å oppretthalde evakueringa av gardane nedanfor skredområdet. Evakuerte husstandar kan difor flytte tilbake

Innbyggjarar , turistar og andre besøkande vert framleis oppmoda om å halde seg unna turstigane som går inn i rasområdet.

Steinras Bispberget - Skjåk kommune har sett krisestab 

I dag tidleg 12. september gjekk det eit steinras i Bispberget og Skjåk kommune har sett krisestab.  To husstandar er evakuerte som eit førebyggjande tiltak. Kommunen følgjer situasjonen tett saman med politiet og andre involverte etatar.

Innbyggjarane vert oppmoda om å halde seg unna området under Bispberget.

Turstigen til Bispberget, i området ovanfor Forberg og Hole, er stengd i påvente av vurdering frå geolog. Det vil også bli satt opp skilt for å informere om dette. Det er registrert mykje lausmasse i området, og det er usikkert om meir masse kan rase ut.

Dersom du har viktige opplysningar om hendingar knytt til steinspranget, kan du kontakte Skjåk kommune på telefonnummer 61 21 70 00.

Ras ved Bisperget - Klikk for stort bilde Skjåk kommune Ras ved Bisperget - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway