Status oppdatering 8. desember 2021

  

Smittestatus 8. desember 2021

Den siste veka er 3 nye personar stadfesta smitta med korona i Skjåk kommune. Det er kjent smitteveg for to av dei smitta. Dei smitta er isolert i eigen heim, og følgast opp av kommunens koronateam.

Status for smittesituasjonen i Skjåk kommune blir oppdatert kvar fredag. Ved større utbrot eller andre hendingar vil Skjåk kommune informere oftare. Men på normale dagar/veker blir det berre ein statusoppdatering per veke. (Gjeld i fyrste omgång ut året 2021). Vi følgjer smittesituasjonen tett, og dersom smitta aukar vil vi om naudsynt innføre målretta smittevernstiltak i kommunen. 

Nye nasjonale råd frå regjeringa 7. desember

Regjeringa la fram nye nasjonale smitteverntiltak som skal gjelde frå kl. 24.00 natt til torsdag 09.12.21. Dei varar i fire veker, men blir vurdert etter to veker. 

Bakgrunn for dei strengare tiltaka er i hovudsak overbelastning av helsevesenet samt å avgrensa spreiing av omikron-viruset (siste mutasjon av covid-19). Det er lite som tydar på omikron-mutasjonen vil gje meir alvorleg sjukdom, men sidan det blir fleire smitta så får ein automatisk også fleire som blir alvorleg sjuke. Regjeringa ber om at alle takkar ja til vaksine slik at vi hindrar alvorleg sjukdom.

Målet med tiltaka er å redusere sosial kontakt men, samtidig skjerme barn og unge.

Vi lister opp viktige råd og anbefalingar for avstand og sosial kontakt:

Dei nye kontaktreduserande tiltaka er:

  • Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
  • Anbefalingane gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unnatak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eiga husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestane. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt antall gjester.
  • Reduser antall nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.

Tidlegare råd, som framleis er gyldige:

  • Hald avstand. Minimum ein meter, og bruk munnbind der det er mykje folk . Dropp handhelsinga og klemming, bruk olbogen!
  • Anmoding om bruk av heimekontor utan at det går ut over viktige og nødvendige tenesta i samfunnet. Arbeidsgjevarar legg til rette for utvida bruk av heimekontor, heile eller deler av veka.
  • Reduser antall nærkontaktar. (Dette gjeld fyrst og fremst vaksne.) 
  • Anbefaling om bruk av munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta. (legekontor, Skjåkheimen, osb.)
  • Det er også ei nasjonal anbefaling om bruk av munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand (1 meter). 

Testing og testalternativa i kommunen

Vi ber samstundes om at innbyggjarane i Skjåk har låg terskel for å teste seg ved utvikling av luftvegssymptom. 

  • Teststasjon (PCR-test): på Skjåk legekontoret måndag til fredag kl 10. Du må ringe 61 21 71 00 for bestilling av time 
  • Hurtigtest: Sjå kor du kan kjøpe hurtigtestar. For dei som testar positivt på hurtigtest skal dette innrapporterast på telefon til legekontoret i opningstida. Minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med legekontoret og ta ein PCR-test.
  • Skjåk kommune oppfordrar innbyggjarar til at ein i hovudsak vel å ta ein PCR-test når ein skal teste seg for koronavirus, då dette er den mest følsomme testen. Forskning syner at hurtigtestane er positive hjå 44 - 95 % av dei smitta. Kor god testen er vil og vere avhengig av testtidspunktet, og kor mykje virus ein har i luftvegane. Det er størst sjanse for å få eit rett svar på ein hurtigtest dersom ein testar seg same dag som symptoma startar. Les meir om testing i Skjåk

VIKTIG OM HURTIGTESTAR: Hurtigtestane/sjølvtestane tåler ikkje minusgrader. Produkta bør derfor ikkje oppbevarast utandørs. Hurtigtestar tåler berre temperaturar mellom 2-30 grader. 

Det aller viktigaste nasjonale smitteverntiltaket er vaksinering. Dette har høgaste prioritet i heile landet. Det er aldri for seint å ta 1 eller 2 dose, og vi oppmodar på det sterkaste alle å vaksinere seg.