Sommarjobbprosjektet 2025 - Skjåk kommune

Sommarjobbprosjektet 2025

Trenger din bedrift ekstra arbeidskraft i sommar? Skjåk kommune gjev tilskot til bedrifter som ønskjer seg ungdom som arbeidskraft i sommar. Ta kontakt innan 25. mars

Trenger din bedrift ekstra arbeidskraft i sommar?

Skjåk kommune gjev tilskot til bedrifter som ønskjer seg ungdom som arbeidskraft i sommar. Tilskotet er på inntil kr 1500,- pr. vekesverk. Prosjektet gjeld for ungdom mellom 14 og 18 år. Ein får ikkje tilskot for eigne ungar. Målet med prosjektet er at ungdom skal få moglegheit til å bli kjent med næringslivet i Skjåk på ein positiv måte.

Liste over bedrifter som har meldt seg på vil bli annonsert i slutten av mars. Ungdom tek kontakt med kvar enkelt bedrift.
Tilskot blir utbetalt etter dokumentasjon og timelister. Meir info vil bli sendt ut til påmeldte bedrifter. 

Det vert annonsert i Fjuken og på heimesida til Skjåk kommune kva for bedrifter som ønskjer ungdommeleg arbeidskraft og søkjarane søkjer direkte til bedriftene. Dersom Sommarjobbprosjektet er interessant for dykkar bedrift, ta kontakt med:

Påmeldingsfrist innan 25. mars

Kontakt

Tea Karoline Mork
Prosjektleiar, Sats på Skjåk
Mobil 901 16 575