Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanleggFrist for å søke om spelemidlar er 15. oktober 2024. Søk om spelemidlar til idrett-, frilufts- og nærmiljøanleggSpelemidlar er overskot frå Norsk tipping. Målet med tilskotet er å skape moglegheit for å drive idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet fastset reglane for korleis overskotet skal fordelast, medan kommunen mottek og handsamar søknadane. Du kan få tilskot til nye idrett-, frilufts og nærmiljøanlegg og til rehabilitering av eldre anlegg. For å søkje om spelemidlar må anlegget vera ein del av kommunal plan for fysisk aktivitet og naturoppleving. Frist for å melde inn til kommunen er 15. oktober.Alle som søkjer tilskot må ha anlegget sitt registrert i Anleggsregisteret. Alle gamle søknadar må fornyast. Alle som søkjer spelemiddel må vera registrert i Enhetsregisteret og ha organisasjonsnummer. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på anleggsregisteret.noKven kan søkje?Idrettslag og organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbundSamanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund og Det Frivillige Skyttervesen.Kommunar og fylkeskommunar.Velforeiningar og burettslag kan søkje om midlar til nærmiljøanleggFor meir informasjon sjå anleggsregisteret.noKontaktperson: Marianne StensgårdE-post: marianne.stensgard@skjaak.kommune.noTlf 90941702 Sist endret 04.09.2024 12.03