Smittevern i barnehage og skule frå starten hausten 2020

 Sidan smittesituasjonen i landet som heilheit, og i vårt område, vil vere uavklart etter sommaren, vil barnehagane og skulen starte på "smittenivånivå gult" ved start av nytt barnehage- og skuleår.

Smittevern i barnehage og skule frå starten hausten 2020

Sidan smittesituasjonen i landet som heilheit, og i vårt område, vil vere uavklart etter sommaren, vil barnehagane og skulen starte på "smittenivånivå gult" ved start av nytt barnehage- og skuleår.

Sjølv om det er lenge sidan det er registrert smitta i Skjåk eller i vårt nærområde, har det gjennom sommarferien vore utbreidd reise- og turistaktivitet, mange har vore på utanlandsreise og det har vore auke i talet på pasientar med symptom på luftvegsinfeksjon. Alt dette gjer smittesituasjonen så usikker at vi vel å starte på gult nivå.

Smittevernlegen har gjeve fylgjande tilråding:

  1. Utifrå dette vil eg tilrå at både kulturskule, barne- og ungdomsskule samt barnehagane skiftar til såkalla gult smittevern-nivå frå og med oppstart av nytt skule- og barnehageår i veke 33.
  2. Dersom situasjonen i både Skjåk og elles i samfunnet er stabil dei kommande vekene, vil fleire av usikkerheitsmomenta falle bort. Ved vedvarande stabil situasjon vil eg difor vurdere det som trygt å skifta attende til grønt nivå etter 3 veker, altså i veke 36.

Sondre Bøye

Situasjonen vil bli evaluert fortløpande. Dersom nye smittetilfelle lokalt, eller stor oppblomstring av smitte i samfunnet generelt, vil naturlegvis ikkje planen i punkt 2 vera gjeldande.

Konsekvensane for barnehagane

Det kan vere noko ulike konsekvensar frå barnehage til barnehage. Styrar vil informere foreldre om konsekvensar i sin barnehage. 

Dersom det ikkje blir gjeve annan informasjon:

  • Opningstidene blir dei same
  • Mat og matboksar må takast med frå heime
  • Det blir auka fokus og tid til reingjering og hygiene i løpet av dagen.

Elles gjeld det som står i infoskriv når det gjeld sjukdom, levering/ henting av barn osv.

Konsekvensar for skulen

Alle elevane skal møte på skulen.  Ei klasse blir ein kohort.  Elevane vil verte spreidde i friminutt, og undervisinga blir utandørs når det er høve til det.

Når det gjeld kroppsøving, blir aktiviteten ute slik den brukar å vere fyrst på skuleåret.  På gult nivå kan ein dusje, men dette vil bli vurdert.  Alle elevane skal eta på klasserommet, og kantina vil ikkje bli brukt til mat for alle så lenge skulen er på gult.

Det blir elles forsterka reinhald.

Er det spørsmål til dette kan du kontakte styrar eller rektor.

Kommunedirektøren
 

Kontakt

Trude Teigen
Rektor, Skjåk barne og ungdomsskule
Telefon 61 21 70 00
Mobil 907 58 457
Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074