Smittesituasjonen i Skjåk og råd for deg som har reist til eller frå kommunar på austlandet

AdobeStock_344341239   

Fylgjande nasjonale reiseråd gjeld: 

  • Personar som har vore på reise i desse områda skal forhalde seg strengt til vanlege smittevernreglar.
  • Det er gått ut råd om at personar frå desse områda berre skal foreta strengt nødvendige reiser ut av regionen.
  • Helsepersonell med bustadadresse i Nordre Follo, som jobbar i andre kommunar skal ikkje møte på jobb og bør varslast om det. 

 Lokale reiseråd

  • Dersom du tenkjer å reise til eller frå desse områda, vurder nøye om reisa er nødvendig. Om du likevel må reise, ver ekstra påpasseleg med godt smittevern:
    • Ikkje reis om du har symptom.
    • Hald god avstand og god handhygiene

Dette gjeld primært ti kommunar der det er innført dei strengaste restriksjonane, tiltaksnivå 5:  
Nordre Follo, Oslo, Ås, Nesodden, Frogn, Vestby, Indre Østfold, Enebakk, Moss, Våler.

Reiseråda gjeld også for kringliggande kommunar som har tiltaksnivå 4: 
Aurskog-Høland, Marker, Rakkestad, Skiptvet, Lunner, Nittedal, Lillestrøm, Lørenskog, Rælingen, Bærum, Asker, Drammen, Lier.

Smittesituasjonen i Skjåk i samband med mutert virus i Oslo/Viken 

Skjåk kommune følgjer utviklinga i hovudstadsregionen nøye, og aukar beredskapen for å være forberedt på en mulig smitteoppblomstring i lokalregionen.

Vi ber om innbyggaren si forståing for at det i denne situasjonen kan bli aktuelt å sett i verk liknande tiltak som i Oslo og Viken på svært kort varsel.

Samtidig er smittetalla lave i regionen vår, og i Skjåk er det no ikkje registrert korkje smitta eller innbyggarar i karantene. Inntil vidare innførast derfor ingen nye pålagte tiltak, men vi minner om at følgjande fortsatt gjelder:

  • Strenge besøksrestriksjonar ved institusjonane
  • Alle bør avgrense sosial kontakt, unngå meir enn 5 gjester i heimen
  • Gult tiltaksnivå og opne barnehagar/skular
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktiviteter
  • Skjenking av alkohol er tillate ved matservering.

Reising og møter som kan vente, må utsettast eller reduserast til et minimum. Skjåk kommune ønsker å gå føre og oppmodar til heimekontor for sine tilsette som har moglegheit til dette, samt at interne møter vert digitale så langt råd og påkravd når menneskjer skal møtes over kommunegrenser.

For å oppretthalde et lavt smittetrykk lokalt er det fortsatt viktig at alle følger dei gjeldande råda vedkomande smittevern:

  • God hand- og hostehygiene
  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur saman med. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klem.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta en test.