Smittesituasjon i Skjåk, sjølvtesting og registrering

 

I heile landet er det nå ei rask auke i talet på personar som er smitta med Covid-19. Vi må forvente at det òg her i Skjåk vil bli fleire smitta i dagane og vekene som kjem. Heldigvis gjev den nå dominerande omikron-varianten mildare sjukdom enn tidlegare variantar - særleg hjå vaksinerte.

Det kan likevel oppstå vanskelege situasjonar dersom svært mange vert smitta samtidig. Om smitta spreier seg for raskt og svært mange vert smitta på ein gong, så kan dette overbelaste helsetenestene. I tillegg kan høgt sjukefråvær gjere det vanskeleg å drifte kritiske samfunnsfunksjonar. Det er difor viktig at ein forsøker å bremse smitten.

Dei viktigaste tiltaka du kan gjere er:

  1. Ta vaksinen. Det vert drop-in-vaksinering ved Skjåk helsesenter laurdag 29. januar frå 10:00 - 14:00.
  2. Hald deg heime ved symptom på sjukdom.
  3. Test deg.

Kva gjer eg dersom eg vert sjuk og testar positivt?

Dersom du vert sjuk bør du teste deg, anten på legekontoret eller med ein sjølvtest heime. Om sjølvtesten er positiv skal du gjere følgande:

  1. Set deg sjølv i isolasjon fram til 6 dagar etter at du fekk symptom. Om du ikke har symptom skal du vera i isolasjon fram til 6 dager etter testtidspunkt. Du treng ikkje teste deg på ny etter desse 6 dagane, men du må ha vore feberfri i minst 24 timar før du kan gå ut av isolasjon.
  2. Dei du bur med skal teste seg med sjølvtestar dagleg fram til 4 dagar etter at du er ute av isolasjon. Husstandsmedlemmer treng ikkje vera i karantene dersom dei testar negativt. Sjølvtestane kan du hente ved å melde deg ved ambulanseinngangen på Skjåk legekontor mellom kl 11 og 14 på virkedagar.
  3. Gje beskjed til andre nærkontakter at dei kan ha vorte smitta. Dei skal da teste seg på dag 3 og 5 etter at de var i kontakt. Nærkontaktene kan òg hente sjølvtestar på legekontoret.
  4. Har du teke tre vaksinedoser, så skal du registrere deg som smitta på kommunen si side for sjølvregistrering
  5. Om du ikkje har teke 3 vaksinedoser, så skal du melde frå til legekontoret på telefon 61 21 71 00 for vidare beskjed.

Ved teikn til alvorleg sjukdom

Vanlegvis gjev covid-19 milde luftvegssymptom. Av og til kan covid-19 gje alvorleg sjukdom. Det er difor viktig at du følgjer med på symptoma og kontaktar lege dersom du vert dårleg med til dømes tung pust, høg feber eller dårleg allmenntilstand.

Viktige lenker: