Skjåk på topp. No blir det fest!

Onsdag 16. oktober kl 18 er det avslutningsfest for alle som har vore med på Sommarles 2024 i Skjåk. Om du ikkje har meldt deg på, så kan du fortsatt gjere det.

Elevane i Skjåk best i Innlandet

Sommarles er ein populær nasjonal leselystaksjon med heile 172 000 deltakarar. Dei fleste kommunane i Noreg er med.

I år er Skjåk på topp både i Innlandet og Noreg når det gjeld oppslutning.  I Skjåk var 78,6% av elevane i 1-7. klasse med. Dei las 2472 bøker som er utrulege 235 530 sider! Det er bra jobba!

Gratulerer til alle som har vore med! Vi på biblioteket er så stolte av dykk : )

Tre på topp - Sommarles 2024

Innlandet

  1. Skjåk 
  2. Lom
  3. Os
     

Noreg

  1. Træna
  2. Aremark
  3. Skjåk
     
Frå Sommarlesavslutninga 2023 i Skjåk - Klikk for stort bildeFrå Sommarlesavslutninga 2023 i Skjåk Sigrun Eide

Invitasjon til avslutningsfest

Alle som har vore med i Skjåk skal ha fått invitasjon i posten til ein avslutningsfest på biblioteket. Her blir det show med “svinepelsen” Reidar Kjelsen og trekning av den gjeve hovudpremien og alle småpremiane.

Velkomne til avslutningsfest!

Bilde av Reidar Kjelsen

Reidar Kjelsen.
Foto: Cappelen Damm

Om Reidar Kjelsen på nettsida til Cappellen Damm

“Reidar Kjelsen eier ikke hemninger. Likevel får han lov til å boltre seg innenfor barnebokforumet. Han jobber for å ødelegge ryktet til høner og påstår at damer er det slemmeste som finnes her i verden. Han har skrevet bøker som beviser det, og bøker om merkelige monstre, livredde dyr og en fyr som heter Gud. Han synes ikke at man skal undervurdere leserne bare fordi de er barn.”

Kontakt

Skjåk folkebibliotek
Mobil 909 47 020

Opningstider
Tysdag   kl 14-19
Onsdag  kl 10-14
Torsdag  kl 14-19
Fredag    kl 10-14
Laurdag  kl 10-14