Skjåk kommune best på klimatilpasning

Skjåk kommune er best av alle små kommunar i landet og heilt i toppen blant samtlege norske kommunar på klimatilpasning! Dette kjem fram i “Ekstremvêrrapporten 2023” som er utarbeidd av CICERO, Senter for klimaforskning. 

Skjåk kommune best på klimatilpasning

CICERO Senter for klimaforsking, på oppdrag frå forsikringsselskapet If har gjennomført ei omfattande kartleggjing av norske kommuners klimatilpasningsarbeid.  Det er «Ekstremvêrrapporten 2023» som avslørar store forskjellar i korleis norske kommunar ligg an i det viktige klimatilpasningsarbeidet, og Skjåk kommune er blant vinnarkommunane i ulike kategoriar som har komme lengst i arbeidet med klimatilpasning.

Klima- og miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen lyfter også fram kommunen for å knyte tilleggsfunksjonar til flaumvollen som er under oppføring rundt kommunesenteret.

Sjå høgdepunkta frå presentasjonen av Ekstremværrapporten 2023 (kor Skjåk er nemnd)

  1.  Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen,  spol til 51.00 minutt
  2.  Presentasjon av vinnarane (kommunane i dei ulike kategoriane som har komme langt i arbeidet med klimatilpasning), spol til 1:31:00.
  3.  Presentasjon og premiering av Skjåk, spol til 1:39:50

 

 

bilde av Skjermdump frå presentasjon - Klikk for stort bildeBest av dei små kommunane er Skjåk med 31,5 av 33 moglege poeng Skjermdump frå presentasjon