Skisportens Dag i BotnSundag 18.februar kl.12 er det Skisportens Dag i Botn (Skjåk aktivitetspark)Sundag 18.februar kl. 12:00 er det Skisportens Dag i Botn. I desse OL-tider blir det OL i Botn med tenning av OL-eld, OL-ringar og norske flagg. OL-øvingane våre blir skicross, hopprenn, morostafett og frileik. Dei ungane som har lyst, kan få måla på flagg i ansiktet. "OL"-medaljar og premiar vankar det sjølvsagt og.Ta gjerne med norske flagg for å få skikkeleg OL-stemning hjå publikum.Varme grillar og sal av kaffe og bite.Påmelding 30 minutt før start.Velkomen! Skigruppa i Skjåk Sist endret 16.02.2018 11.04