Sivilforsvaret testar flyalarmane 8. juni

Sivilforsvaret testar flyalarmane 8. juni - Klikk for stort bildeSivilforsvaret testar flyalarmane 8. juni Odd Skarbomyr, DSB Onsdag 8. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret varselet «Viktig melding – søk informasjon», i alle kommunar som har varslingsanlegg.

To gonger i året, i januar og i juni, testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekka at dei fungerer og for å reparera dei som er defekte.

Signalet

Signalet blir sendt i tre seriar med opphald på eitt minutt mellom seriane. Signalet betyr at du skal søkja informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på nettsidene til styresmaktene og i sosiale media.

NB! Ver merksam på at det ikkje er varslingsanlegg i Skjåk. Vi ønskjer likevel at dei som reiser ut av kommunen, er merksame på varslinga. 

Om du lurar på kvar varslingsanlegga ligg kan du sjå dette på DSB si kartløysing. For å få markert varslingsanlegga i kartet, vel Sivilforsvaret i menyen og huk av for varslingsanlegg.

Flyalarmane

Noreg har 1 250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsla befolkningen ved akutt fare. Varslingsanleggene er stort sett plassert i byer og tettsteder, og signala kan høyrast av cirka halvparten av befolkninga. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fredstid og i krig.