Siste dag på jobb for biblioteksjefen

Etter 37 år i Skjåk kommune takkar biblioteksjef Hanne Gran for seg.

Biblioteksjef Hanne Gran     

Takk for samarbeidet

– Eg prøver ikkje å tenkje for mykje på det, men sjølvsagt er det rart å tenkje på at eg har min siste arbeidsdag. Samtidig føler eg at det er heilt naturleg at eg blir pensjonist også, seier Hanne Gran.

Den avtroppande biblioteksjefen fylte 65 år i september.

Dei fleste i Skjåk veit godt kven ho er, og det er ikkje så rart. For det byrjar å bli mange år sidan ho starta i jobben på biblioteket.

– Eg har gått inn og ut dørene her i 37 år, og vore biblioteksjef sidan 2006. Dei positive møta med folk er nok det eg kjem til å sakne mest, seier Hanne.

Skjåk folkebibliotek har vore på besøks- og utlånstoppen i Oppland i fleire år. Innbyggjarane i Skjåk har heile tida vore flinke til å bruke biblioteket.

Ho har hatt eit brennande ynskje om, og lagt ned ein iherdig innsats for, å gjere biblioteket til bygdas kulturhjerte. Ho har sørgja for liv og røre og tilbod for små og store, unge og gamle. På biblioteket har det jamleg vore forfattarkveldar, konsertar, bokprat for elevane, utstillingar, datakurs for seniorar og mykje meir.

Sidan Hanne byrja på biblioteket  har skjåkværane lånt over 400 000 bøker.

Skjåk kommune takkar ho for det arbeidet ho har lagt ned og engasjementet ho har vist for folkebiblioteket i Skjåk.