Er du vår nye prosjektleiar?
Skjåk kommune har til einkvar tid prosjektoppgåver av ulik karakter. Vi ser etter deg som vil vere ein pådrivar for innovasjon, smarte løysningar og er oppteken av gode prosessar i prosjekta. Spennet i prosjekt vil vere stort, og ein variert kvardag er hovudregelen. Prosjekta vil vere større og mindre byggeprosjekt, prosjekt innanfor vatn og avlaup, vegprosjekt og andre prosjekt. Anskaffingar vil stå sentralt.
Stillinga på 100 % er fast og er ledig frå dags dato.
Arbeidsområdet vil omfatte
- Prosjektleiing, planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt innanfor bygg, eigedom og anlegg
- Vere ein sentral og tydeleg person som bidreg til at Skjåk kommune får gode brukarinvolveringar og framtidsretta løysingar
- Ansvar for prosjektutvikling, prosjektleiing, anskaffing, kvalitet, økonomi og framdrift i samarbeid med kommuneleiing, konsulentar og rådgjevarar
- Offentlege anskaffingar og kontraktsinngåing
- Kvalitets- og framdriftsstyring
- Økonomikontroll og rapportering
- Saksbehandling og utgreiing til folkevalde organ
- Sikre at HMS blir ivareteke på alle nivå i eit prosjekt
- Saksbehandlingsoppgåver på driftsnivå kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskulenivå innan bygg og anlegg
- Erfaring frå bygg-/anleggsleiing og kontraktsadministrasjon. Erfaring kan erstatte utdanningskrav
- Ein fordel om du har erfaring frå både offentleg og privat verksemd
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- Kjennskap til lover og forskrifter - forståing av relevante lover, forskrifter og standardar innan bygg og anlegg, samt miljø- og planlovgjeving
Vi ynskjer at du
- har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert
- er ein person som likar teamarbeid
- har evne til å bruke dataverktøy for analyse og rapportering, samt forståing for digitalisering og smarte løysingar for framtida
- har kjennskap til relevant HMS-lovgjeving, forskrifter og standardar som gjeld for byggebransjen, inkludert arbeidsmiljøloven og forskrifter frå arbeidstilsynet
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- Pensjonsordning i KLP
- Noko heimekontor etter nærare avtale
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Kompetansebygging for å kunne lukkast i stillinga
- Kommunen kan bistå med hjelp til å finne bustad
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med ressursar for utvikling og unike fritidsmoglegheiter? Sjå her: https://www.skjak.no/
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling Roger Johansen epost: roger.johansen@skjaak.kommune.no, telefon 41513 687
Søknadsfrist 9. april 2025
Kommunedirektøren