kl 09.00
Vi er svært tilfredse med at 8. og 9. klassingane våre kjem til biblioteket for å møte denne prisvinnande forfattaren, illustratøren og serieskaparen H. L. Phoenix (pseudonym).
I 2022 vann han Ravneringene-prisen, for mellom anna Arkin-serien. Prisen er Norges første litterære fantasy-pris, og den er oppretta og personleg delt ut av fantasy-dronninga Siri Pettersen.
Han er utdanna barne- og ungdomsarbeider, personleg trenar og ernæringsrettleiar, og har over 20 års erfaring med arbeid med barn og unge. I tillegg er han fast foredragshaldar på Guttekonferansen som er kvart år i samband med verdsdagen for psykisk helse. Der pratar han til fleire hundre gutar i 10. klasse om å våge å vere seg sjølv, ta gjennomtenkte val og kor viktig det er å prate om følelsane sine.
Det er nokre få ledige plassar. Kontakt biblioteket for meir informasjon.
Gratis inngang
Sjekk desse fine illustrasjonane da!