Ingvil Skeie Ljones
Velkomne til ein konsert som er til glede for barn, vaksne og besteforeldre. Her får duhøyre kjende og kjære songar som heile familien kan syngje med på. I folkesongen og eventyra er det spennande historier om folk og dyr, rare hendingar og artige påfunn. Bli med inn i historiene om riddarar, jomfruer, kvardagsheltar og sjarmørar.
Camilla Granlien har vunne Landskappleiken i Vokal kl A heile tre gonger og ho har motteke Kongepokalen for songen sin. Ho har turnert med og utan band, ho har spelt musikk for folk i alle aldrar og ho har jobba som frilans folkesongar, musikar, låtskrivar og kulturformidlar i 20 år.
Arr: Jakupscena. Kvar: Skjåk folkebibliotek. Når: Laurdag 8. mars kl 12.