Pressemelding frå ordføraren

Tysdag 22. oktober vil Skjåk kommune støtte protestaksjonen "Berg skulen vår" på Hamar og næringslivet sin nedstengingsaksjon i Lom og Skjåk.

Pressemelding

Tysdag 22. oktober vil Skjåk kommune støtte protestaksjonen "Berg skulen vår" på Hamar og næringslivet sin nedstengingsaksjon i Lom og Skjåk. I tida 13:00 – 14:00 er det fleire som vil legge ned arbeidet, dette gjeld arbeid som ikkje får konsekvensar for liv og helse, samt pleie og omsorg. Det er fleire tilsette som vil vere samla for å sjå direktesendinga frå Hamar denne timen.