Plassering av konteinarar er fløtt til Røde kors vis-à-vis busshaldeplassen i Bismo

Konteinarane for glas og metallemballasje og for papp- og papir er fløtt frå brannstasjonen til utenfor Røde kors vis-à-vis busshaldeplassen i Bismo

Konteinarane for glas og metallemballasje og for papp- og papir er fløtt frå Brannstasjonen til utenfor Røde kors vis-à-vis busshaldeplassen i Bismo. Det er i samband med byggearbeid ved kjøpesenteret at konteinarane måtte få anna plassering. 

Kommunen vil be om at det ikkje vert sett att avfall ved sidan av konteinarane. Dei er for innsamling av sortert avfall og ikkje for restavfall. Det er nokre konteinarar for innsamling av hushaldningsavfall frå hytter. Desse er berre for hytter/fritidshus/setrer. I sommar har det vore ein del tilfelle der restavfall har vorte plassert ved sidan av konteinarane. Dette er ulovleg. 

Renovasjon er ei kommunal teneste der gebyra berre skal dekke kostnadene med innsamling (sjølvkostprinsipp). Misbruk av «hyttekonteinarar» vil derfor føre til auka kostnader og auka gebyr for innbyggarane.

Lenke til forurensningsloven § 34  

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145