Opning av skule og barnehagar i Skjåk

Skjåk kommune fylgjer tilrådingar frå helsemyndigheitene – det betyr at barnehagane og skulen vil gradvis bli opna att.

  

Skjåk kommune fylgjer tilrådingar frå helsemyndigheitene – det betyr at barnehagane og skulen vil gradvis bli opna att.

Barnehagen opnar att 20. april.

(Det kan hende at ikkje alle ungane skal ta til på same dag. Barnehagen vil kontakte foreldre dersom det bli aktuelt.) Vi tek til med noko redusert opningstid, kl 0730 – 1600.

Barnehagane arbeider for at det skal vere trygt å kome attende til barnehagane. Du kan sjå infoskriv om barnehageopning her. (PDF, 106 kB)

Nasjonale retningsliner vil bli fylgt opp, mellom anna når det gjeld smittevern i barnehagen.
Vi skal sørge for at barna får ein trygg og fin kvardag i barnehagen, sjølv om det kan bli noko endringar samanlikna med slik det var før. Derfor startar vi opp barnehagane, men tek atterhald om at dette kan skje gradvis i enkelte barnehagar.
 
Foreldre vil få meir informasjon frå barnehagen.
 

Skulen startar opp for 1. til 4. klasse og SFO frå måndag 27. april.

Skulen førebur seg på å gje elevane ein trygg skulekvardag med fleire tiltak for å redusere faren for smitte.
Skulen vil informere foreldre om tiltaka og ha dialog med foreldre for å sikre at det er trygt å sende ungane til skulen att.
Det vil kunne bli etablert nye rutinar for reinhald og smittevern i samsvar med rutinane nasjonale helsemyndigheiter tilrår. 
Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommuneoverlegen og dei ansvarlege for reinhald.
Det er imponerande å sjå den innsats barn og foreldre har stått for med skulearbeid i den tida skulen har vore stengd.
No er det nok mange elvar som ser fram til å kunne møte vener att. Vi skal legge til rette for at dei skal kunne vere saman utan å utsette seg for smitte.
 
Foreldre vil få utfyllande informasjon frå barnehagane og skulen før barnehagane og skulen opnar att.
Foreldre som tenker at deira unge ikkje bør starte i barnehagen eller skulen fordi ungen, eller nokon andre i husstanden, er i risikogruppe må ta kontakt med fastlegen sin.
 
Helsing kommunalsjef
Unnvald Bakke.