Ope møte - Eitt år sidan storflommen i Skjåk

Skjåk kommune inviterer til ope møte på Skjåk Turistheim tysdag 29. oktober kl 19.00.

  

Program

  1. Ordførar Elias Sperstad vil innleiingsvis gjev attendeblikk på flommen 14. og 15. oktober i fjor. Kva skjedde, og korleis står det til i dag?
  2. Representantar frå NVE vil orientere om kva dei har gjort i Skjåk i året som har gått etter flommen, og om arbeidet som står att. 
  3. Fylkesmannen i Innlandet vil gje status om opprydding av Glasopor og anna langs vassdrag.
  4. Skjåk kommune vil orientere om arbeidet med flomsikring av Bismo. 

Tema for møtet blir også kven som har ansvar for flom- og skredsikring av private eigedomar, og korleis ein skal gå fram for å sikre eigen eigedom. 

Det blir høve til å stille spørsmål og koma med innspel. 

Kontakt

Edel Kveen
Ordførar, Skjåk kommune
Telefon 61 21 70 00
Mobil 473 73 509