Odd Ragnar Solheim fekk årets Skjåkpris

Konsert og festkveld for frivilligheita i Skjåk - 5. desember i Marlo - Klikk for stort bildeKonsert og festkveld for frivilligheita i Skjåk - 5. desember i Marlo Skjåk kommune

Edel Kveen fekk æra av å dele ut årets Skjåkpris til Odd Ragnar Solheim på scena i Marlo grendehus måndag kveld.

I samanheng med Frivilligheita sitt år i 2022 ønskte kommunen å leggje til rette for ein triveleg festkveld med julekonsert for alle friviljuge skjåkverar i Marlo grendehus

Skjåk kommune gratulerer Odd Ragnar Solheim - Skjåkprisvinnar 2022

På sjølvaste festkvelden fekk Skjåkværen Odd Ragnar Solheim tildelt årets Skjåkpris for 2022 av ordførar Edel Kveen som siterte innsendaren til forslaget på årets Skjåkprisvinnar slik: «Personen som skal få Skjåkprisen har gjort ein stor og god jobb, som lege og politikar gjennom mange, mange år. Han har stilt opp for sine medborgarar både i arbeidstida og på fritida. - Stor omsorg for Skjåkbygda, og omsorg med mykje volum! -Det er han Odd Ragnar.» Hjarteleg til lykke med Skjåkprisen

Les også artikkel frå lokalavisa Fjuken (NB: abonnement sak)

Sjå fleire bilete frå festkvelden: