Nye veglys etter riksveg 15 frå Storøya til krysset ved Vollungsbrua

Foto: Statens vegvesen  

(tekst og foto:Statens vegvesen)

For å betre trafikktryggleiken for dei som går og syklar langs riksveg 15 aust for Bismo i Skjåk, skal Statens vegvesen sette opp veglys. Arbeidet startar neste veke (veke 23) og skal gå fram til midten av juli.

Tiltaket skjer etter initiativ frå Skjåk kommune, godt støtta av ein trafikktryggleiksrapport utarbeidd av Statens vegvesen. Ordførar Edel Kveen tok kontakt med Statens vegvesen i vinter for å få til ei betring for skuleborna ved Dalavegen og Brubergom.

Les heile pressemeldinga frå Statens vegvesen