Nye rutinar for sårstell og prøvetakingar for heimebuande - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Nye rutinar for sårstell og prøvetakingar for heimebuande

Er du heimebuande med  heimesjukepleie/heimehjelp skal du heretter vende deg til legekontoret for å få utført prøvetaking, så sant du ikkje må få utført prøvetaking i heimen. Legekontoret rekvirerer transport ved behov. Ring ekspedisjonen på tlf 61 21 70 00 for timebestilling. 

Sjukepleiar og kreftkontakt Gry Kveen er frå 1. februar tilgjengeleg på legekontoret kvar dag for å ta hand om kreftpasientar, diverse prøvetaking så som urin- og blodprøvar, øyreskylling, hørseltest, fjerning av suturar,  B12-injeksjonar etc.

I tillegg skal ho ta hand om alt sårstell. Det betyr at heimebuande som tidlegare har fått utført sårstell på poliklinikken på Skjåkheimen, no skal gjere dette på legekontoret. Ring for å avtale time.
 

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta