Nye arbeidstider i rv. 15 Strynefjellstunnelane

webkamera/Vegvesen.no Grunna sprengingarbeid blir arbeidstidene i Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnelen utvida f.o.m. måndag 12. oktober.

Grunna sprengingarbeid blir arbeidstidene i Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnelen utvida f.o.m. måndag 12. oktober. 

Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnelen på rv.15 er under oppgradering, og det skal no sprengast ut nye snu-nisjar for brøytebilar i alle tre tunnelane. Dette arbeidet vil skje parallelt med utskiftinga av lysanlegg, som er i gang. I samband med sprenginga lyt tunnellane stengast i lenger periodar av gangen. Arbeidstidene i tunnelane vert difor utvida f.o.m. måndag 12. oktober.

På vekedagar vert det no arbeid i tunnelane nesten heile døgnet, frå kl. 07:00 til 05:00 følgjande morgon. Laurdagar blir arbeidet avslutta kl. 19:30. Søndagar i partalsveker startar arbeidet att kl. 17:00, medan det på søndagar i oddetalsveker vert fri ferdsle heile dagen og natta. 

På dagtid (til kl. 20:00) vert det styrt trafikkavvikling med kolonne kvar heile klokketime. På dagar med nattarbeid vert tunnellane stengde mellom kl. 20:00 og 05:00, med opning for gjennomkøyring i kolonne kl. 22:00, 23:00, 00:00 og 03:00.

Rutebussar og utrykkingskøyretøy slepp gjennom med minst mogeleg venting.

Desse arbeidstidene vil gjelda fram til nyttår.
Oppgraderinga er venta å vera ferdig sommaren 2021.

Arbeidstider 12. oktober – 31. desember 2020

Måndag–fredag: 07:00–05:00 følgjande morgon

  •  07:00–20:00 Styrt trafikkavvikling med kolonnekøyring kvar heile klokketime 
  •  20:00–22:00 Stengt
  •  22:00–00:00 Kolonnekøyring med opning kvar heile klokketime.
  •  00:00–03:00 Stengt  
  •  03:00 Kolonne
  •  03:00–05:00 Stengt
  •  05:00–07:00 Ope for fri ferdsel

Laurdag: 07:00–19:30

  •  Styrt trafikkavvikling med kolonnekøyring kvar heile klokketime

Søndag i partalsveker: 17:00–måndag 05:00

  •  Som måndag–fredag 

Søndag i oddetalsveker: Ope for fri ferdsel. 

 

Kontaktperson

Sveinung Hovland
Tlf. 97517080

Sjå også informasjon på Statens vegvesen sine nettsider.