No kan du søkje tilskot til tiltak retta mot vilt, fiske og friluftslivKraftutbyggningsfondet lyser ut kr 85 000,- kvart år til desse formåla.Søknadsfristen er 1. juni.Rauddalsvatnet i Skjåk er magasin for Framruste kraftverk Sigrun Eide KraftutbyggingsfondetI fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv. Fondet skal brukast til investeringar i fiske, vilt og friluftsliv. Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak. Søknaden skal innehalde Omtale av tiltaket Budsjett og finansiering Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)Retningsliner for bruk av fondet. (PDF, 98 kB) Søknadsfrist: 1. juni Send søknad til post@skjaak.kommune.noeller Skjåk kommune Servicetorget Moavegen 30 2690 Skjåk Publisert av Sigrun Eide Sist endret 16.04.2018 10.21