Nasjonalt bålforbod frå 15. april - Skjåk kommune

Nasjonalt bålforbod frå 15. april

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i Noreg, med unnatak av godkjende bålplassar.

Ver ekstra varsam i vårsesongen

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i Noreg, med unnatak av godkjende bålplassar. Det er likevel lov å gjere opp ild/tenne bål der det openbart ikkje kan byrje å brenne, t.d. om det ligg snø på bakken eller om det er på steingrunn langt frå vegetasjon. 

Fram til 15. september kan du berre tenne småbål, eingongsgrill eller annan eld der du er heilt sikker på at det ikkje kan oppstå brann. Og hugs: Den som tenner, har ansvaret så lenge det brenn. Sløkk grundig – og så litt til, for å vere heilt sikker! Gras og vissen vegetasjon frå i fjor tek lett fyr i tørt vêr. 

Primus og kokeapparat kan du bruke i perioden med bålforbod, men kravet til aktsomhet gjeld uansett type ild, også utanom perioden med bålforbod.

Kontakt

Unni Merete Lund
Branninspektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 948