Miljøveke - ryddedugnad

Ryddedugnad i SkjåkSkjåk kommune ynskjer å motivere skuleklassar, lag og foreiningar til å rydde og har ein økonomisk pott på mellom 50.000 og 100.000,- som blir fordelt på dei som bidreg

Skjåk kommune arrangerer miljøveke med ryddedugnad langs med vassdraga i Skjåk i slutten av april og fram til 10. mai. Det blir utplassert konteinarar for restavfall i Bismo (ved brannstasjonen) og ved Dønfoss (Bruvoll) (sjå skisse nedst).

Avfall som ein finn under ein slik ryddedugnad blir normalt sortert som restavfall. Skjåk kommune ynskjer å motivere skuleklassar, lag og foreiningar til å rydde og har ein økonomisk pott på mellom 50.000 og 100.000,- som blir fordelt på dei som bidreg med rydding. Det blir gjeve godtgjering pr dugnadsverk. Eit dugnadsverk (kr.750,-) er ein person i tre timar.

Påmelding på førehand til Kristen.Haugen.Dagsgard@skjaak.kommune.no  / tlf: 454 73 683 og rapportering om dugnadsinnsats etter gjennomført rydding. Gi informasjon om kva område du ynskjer å rydde i. Det blir gjeve maks kr 10.000,- pr lag / foreining / skuleklassar. Enkeltpersonar kan sjølv avgjere kva lag / org dei ynskjer å gje dugnadsgodtgjering til.

Koronasituasjonen gjer at denne ryddedugnaden får mindre omfang enn opphaveleg planlagd. Retningsliner for dei som deltek:

  • Unngå områder der fleire er samla
  • Hald avstand (min 2 meter)
  • Bruk hanskar og vask henda grundig etter ryddinga
  • Ikkje del søppelsekk med andre

Glasopor skal ikkje i restavfall, men i eigne sekkar / konteinarar. Det blir ein konteinar for glasopor på brannstasjonen og sekkar for innsamling av glasopor ved Mølla. Sekkane ligg ved den vesle trebrua sør for mølla. Sekkar blir henta etter kvart som dei blir fylt opp. Gi melding om det er behov for sekkar til glasopor andre plassar. Glasopor AS vil godtgjere med kr 250 pr m3 innsamla glasopor. Dette kjem i tillegg til ordinær godtgjering for dugnadsarbeid. Gi i så fall tilbakemelding om ca mengde som ditt lag har samla opp.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145