Er du usikker på kva du ynskjer å jobbe med? No kan du få rettleiing. Karriere Oppland Gudbrandsdal skal ut på sin årlege bibliotekrunde.
![](/handlers/bv.ashx/i84cd35f2-3f16-40dd-abb7-43e053821363/w650/kc59e97047def/utdanning.jpg)
Fagbrev eller høgare utdanning?
Kom gjerne innom Skjåk folkebibliotek for ein prat om utdanning og yrkesmoglegheiter som gjeld både i og utanfor regionen vår.
Ein representant frå Karriere Oppland Gudbrandsdal kan treffast på Skjåk folkebibliotek torsdag 22. mars kl 17 - 19.
Ynskjer du meir informasjon? Besøk nettsida til Karriere Oppland eller du kan kontakte biblioteket.
Velkomen innom biblioteket!
Publisert av Sigrun Eide
Sist endret 21.03.2018 12.42