Kronprinsparet til Skjåk

Onsdag 18. september kjem Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit  på offisielt besøk i Skjåk.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit kjem til Skjåk. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

- Dette  ser vi fram til. Vi skal gjera vårt beste for at Kronprinsparet får eit fint og minnerikt opphald i Skjåk, seier ordførar Elias Sperstad.

Kronprinsparet besøker Oppland i perioden 17. til 19. september 2019. Fylkesbesøket startar i Dovre på formiddagen tysdag 17. september, Lesja får besøk på ettermiddagen. Onsdag kjem Kronprinsen og Kronprinsessa til Skjåk og avsluttar dagen med å besøke Lom. Fylkesbesøket avsluttast torsdag 19. september med besøk til Vågå og Sel.  

Lokal ungdom skal vera sentrale i planlegging og gjennomføring av Kronprinsen og Kronprinsessas fylkesbesøk i Oppland.

- Arbeidet med å utarbeide programmet for besøket i Skjåk er så langt berre i støypeskeia, men vi har nokre tankar om kva vi ynskjer å presentere. Dette kjem vi tilbake til. Det er slottet som til slutt skal godkjenne programmet for besøket i dei seks kommunane, seier Sperstad.

Sist Skjåk hadde offentleg besøk frå kongehuset, var på midten av 1980-talet da daverande kronprinspar  var innom Bismo Industrier. I 1978 stod Kong Olav for den offisielle opninga av den nye heilårsvegen Skjåk-Stryn. Som kronprins besøkte han Verdsspeidarleiren i Skjåk i 1949.

- Eg er glad for at vi etter så mange år med «kongetørke» får besøk av Kronprinsparet, seier Sperstad.