Krafttak for grøn vekst
Krafttak for grøn vekst er ei felles satsing mellom privat og offentleg sektor med mål om å skape nye grøne og smarte arbeidsplassar. Det er Skåppå saman med energiselskapa i Gudbrandsdalen, deriblant Skjåk Energi og Sparebank 1 Gudbrandsdal og Sparebank 1 Lom og Skjåk, som har tatt initiativ til dette prosjektet. På sin visitt i Skjåk fekk styringsgruppa for satsinga anledning til å besøke ulike aktørar som står midt i ei grøn omstilling, og som grip dei moglegheitene dette gjev.
Skjåk Biovarme
Skjåk Biovarme nyttar eit produkt, som tidlegare har vore utfordrande å bli kvitt, til produksjon av energi. Bak av tre frå skogen i Skjåk blir kutta opp til tørr og fin flis og mata inn i flisfyringsanlegget som forsyner over 2 GWh energi til ulike bygningar i Bismo. I følgje Jo Trygve Lyngved som er dagleg leiar i Skjåk Almenning er anlegget svært driftssikkert og gjev stabil produksjon av energi.
![](/handlers/bv.ashx/i55b6da94-983d-494a-8589-74dbe033d728/w1200/q8348/k4efe9cb2e7c2/241635503_1057823098321692_6223772221376218444_n.jpg)
Stryvo Bismo
Stryvo Bismo opplever auka etterspurnad etter produkta dei leverer og har auka bemanninga dette året. Stryvo har vore ein etterspurt produsent av utstyr og produkt til olje- og gassindustrien, men konsentrerer seg no i større grad om å levere fleire typar produkt og tenester til vind- og vasskraftindustrien, og ulike konstruksjonar til bygg- og anleggsbransjen.
Stryvo Bismo har gjort fleire energisparetiltak i anlegget ved å skifte glas og ventilasjon. Bedrifta har ei grøn satsing både i anlegget sitt i Skjåk og i produkta og tenestene dei leverer.
Glasopor
Glasopor er framstilt av 100 % resirkulert glasemballasje som er samla inn frå hushaldingar i heile Noreg. Glasopor-fabrikken i Skjåk har vorte ombygd til el-drift med sertifisert, kortreist straum. Glasopor er det desidert mest miljøvennlege alternativet for lette fyllmassar på marknaden. Eit nytt transportband i fabrikken er under oppføring.
Nytt transportband under oppføring på Glasopor
Marianne Stensgård
Interfil
Interfil har gjennomført store investeringar det siste året. Bedrifta er i gang med produksjon av pleatfilter som dei tidlegare måtte kjøpe frå Tyskland, og ein ny stor lager- og ekspedisjonshall står om kort tid ferdig.
Styringsgruppa foran den nye hallen til Interfil
Marianne Stensgård
Interfil har utelukkande nytta lokale entreprenørar til oppføringa av den nye hallen. Den auka satsinga i bedrifta har resultert i fleire tilsette dette året.
Produksjonssjef Terje Bosmen på Interfil
Marianne Stensgård