Kommunestyret sa nei til modulløysing ved Bismo barnehage

Med 12 mot 7 stemmer gjekk kommunestyret mot formannskapet sitt samrøystes framlegg.

Bismo barnehage

Skjåk kommunestyre - 26.04.2018

Vi aksepterer situasjonen slik den er.
Kommunen har oppfylt lova, men ser at dette har uheldige konsekvensar.
Dei som ikkje har fått fyrsteynskje sitt ved opptaket kan stå på venteliste til den barnehage dei har som fyrsteynskje. Men dei må vente på om det kan bli ledig plass.
Innflyttarar som etterspør barnehageplass må få til svar at dei må levere søknad og at dei vil bli sett på venteliste. 
Sjå på om det kan gjerast plass til nokre barn til i Dønfoss, viss behovet skulle koma for det, ved å ta i bruk grendahusdelen som areal i tillegg. 

Vedteke med 12 mot 7 stemmer.

 

 

Hovudopptaket 2018 (frå saksdokumentet)

Ved hovudopptak 2018, med søknadsfrist 18. februar, fekk alle søkarar som søkte om plass i 2018 og som har rett på barnehageplass (jmf. §12 i barnehagelova) tilbod om plass i barnehagen. Dei har og fått tilbod om den opphaldstid dei søkte om som fyrsteprioritet. Dette fekk vi til ved at det vart teke inn ekstra ungar i alle tre barnehagane. Det har lengje vore kjent at barnehagetilbodet i 2018 ville blir krevjande. Det er kun 5 skulestartarar i barnehagane. Dette har styrarane alt varsla om i samband med bemanningsreduksjonen våren 2017. At vi likevel har greidd å gjennomføre inntaket innafor lova er i stor grad takka vere at styrarane har vore  fleksible og løysingsorienterte.

Kontakt

Ivar Bø
Kommunedirektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 918 17 696