Kommuneoverlegen informerer

Sondre Bøye - Klikk for stort bildeSondre Bøye Tormod Sperstad   Kommuneoverlege i Skjåk kommune, Sondre Bøye.

I heile landet er et nå ei rask auke i talet på personar som er smitta med Covid19. Utifrå dette må vi forvente at det òg her i Skjåk vil verta fleire smitta i dagane og vekene som kjem. Heldigvis gjev den nå dominerande omikron-varianten mildare sjukdom enn tidlegare variantar, særleg hjå vaksinerte. Det kan likevel oppstå vanskelege situasjonar dersom svært mange vert smitta samtidig. Om smitta spreier seg for raskt og svært mange vert smitta på ein gong, så kan dette overbelaste både helsetenestene her lokalt og sjukehusa. I tillegg kan høgt sjukefråvær gjera det vanskeleg å drifte kritiske samfunnsfunksjonar. Det er difor viktig at ein forsøker å bremse smitten. Dei viktigaste tiltaka for å få til dette er å ta vaksine, halde seg heime ved symptom på sjukdom og å teste seg. 

Karantenereglementet vert jamnleg oppdatert, men frå 26. januar kan smitta personar sine husstandsmedlemmar gjennomføre dagleg testing i staden for å vera i karantene. Andre nærkontaktar skal teste seg på dag 3 og 5 etter smitteeksponering og ellers vera ekstra påpasselege med tanke på symptom.
Ved påvist smitte skal ein som tidlegare vera i heimeisolasjon i 6 dagar frå fyrste symptom, eventuelt frå test-tidspunktet.