Kommunen oppfordrar til sjølvtesting før større arrangement

AdobeStock_394200985.jpeg - Klikk for stort bildeSiste døgn er 3 nye bekrefta smitta i Skjåk. Smittevegen er kjent. På bakgrunn av det pågåande smitteutbrotet vil vi understreke at ein skal halde seg heime om ein er sjuk, ha låg terskel for testing ved symptom og god handhygiene.

I tillegg oppfordrast alle som skal delta på større arrangement dei neste dagane om å teste seg med sjølvtest før deltaking.

Sjølvtestar kan hentast på legekontoret i Skjåk i opningstida. NB: Uthenting av gratis sjølvtestar gjeld kun til dei som har smitte i heimen.

Vi held ope teststasjon søndag 31.10; telefontid 10-12. Telefon 61217100. 

Det er fleire i kommunen som nyttar seg av sjølvtesting. Sjølvtestar med positive testresultat i løpet av helga skal rapporterast til vakttelefonen.

Vakttelefon: 90989436. Den vil vere betent mellom kl. 12-14 lørdag 30.10 og søndag 31.10.