Det er mange som fortener ei merksemd. Har du sendt inn før og din kandidat ikkje har nådd opp, må du berre prøve på nytt. Kanskje lukkast det i år. Formannskapet avgjer kven som får prisen og Kultur- og oppvekstutvalet bestemmer kulturstipendet. Når det gjeld kulturstipendet kan det og søkjast på, og for all del ikkje ver redd for å søkje.
SKJÅKPRISEN 2022
Prisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt, og kan tildelast innafor områda: kunst og kultur, idrett og fritid, handverk og industri, natur og miljø, samfunnsengasjement, næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk, eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post post@skjaak.kommune.no innan 9. oktober 2022.
KULTURSTIPEND 2022
Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet.
- Det kan søkjast på stipendet.
- Det kan fremjast forslag på kandidatar til stipende.
- Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen.
Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post post@skjaak.kommune.no innan 9. oktober 2022.
Retningslinjer for Skjåkpris og Kulturstipend er å finne her i artikkel. Har du spørsmål så ta kontakt med kulturavdelinga i Skjåk kommune v/Marianne Stensgård på tlf 90941202 / e-post marianne.stensgard@skjaak.kommune.no