Kan du tenkje deg å stille opp som friviljug i Skjåk kommune?

Vil du stille som friviljug? - Klikk for stort bilde 

Året vi snart har lagt bak oss har vore eit krevjande år både for tilsette i Skjåk kommune og for innbyggjarane våre. Det er mange som har stilt opp og teke eit ekstra tak i den krevjande tida. Skjåk kommune ynskjer å takke alle som har stilt opp under pandemien. 
Covid-19 situasjonen er framleis krevjande, og vi går ei spennande tid i møte. Vi håpar smitteverntiltaka vi har nå gjer kvardagen i 2022 enklare, men dersom vi likevel skulle få ein situasjon med mykje smitte, er vi avhengig av å kunne hjelpe kvarandre.

Våren 2020 la vi ut ei oppmoding om å melde seg som friviljug. Det var det mange som gjorde i Skjåk kommune. Vi håpar sjølvsagt at de som melde dykk, framleis har moglegheit til å trø til ved behov. Vi ynskjer og nye namn på denne lista. Oppgåvene kan vere ulike, og vi veit ikkje nå kva vi treng hjelp til, men du blir ikkje sett til noko du ikkje vil meistre. Vi ynskjer difor både personar som tidlegare har arbeidd innanfor helse og omsorgstenesta, eller andre som ynskjer å bidra.

For sikker registrering går du inn på:

EG ønskjer stille opp som friviljug

  • Skriv i «TITTEL»: Eg ønskjer stille opp som friviljug 
  • Skriv i «KOMMENTAR om det noko særskilt du ønskjer å hjelpe til med? f.eks. "arbeide som sjukepleiar"
  • Så trykker du på knappen SEND SIKKERT TIL SKJÅK KOMMUNE

(Slik ser skjermbildet ut)

 

 

 

Kontakt

Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690