Julekonsert med Bjørn Tomren!

Ordføraren inviterer til gratis julekonsert for alle innbyggjarar i Skjåk i Skjåkhallen, torsdag 28. november kl. 18.00. 

Etter denne hausten står varmen frå felleskapet sterkare enn nokon gong. Vi har gleda av å invitere alle innbyggjarar i Skjåk til ein stemningsfull kveld med julekonsert med Bjørn Tomren, «Jul på godt og vondt». Tomren har eit fantastisk repertoar og er ein kunstnar til å framføre musikk og kultur for alle aldersklasser. Denne kvelden skal vi saman gjere om Skjåkhallen til ein arena for musikkglede, skape god førjulsstemning og markere inngangen til adventstida!   Det blir utdeling av Skjåkprisen og kulturstipendet for 2024. Vi får i tillegg mellom anna oppleve det lokale bandet Yonkoskriu, som satsar hardt på ei karriere innan musikken.

Vi håpar å sjå deg denne kvelden!

Helsing Kristen Haugen Dagsgard, fungerande ordførar

 

konsertplakat - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike uttrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli folkekjær, og vart omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn følgde opp tv-suksessen med ein lang turné og utselde konsertsalar over heile landet, som kulminerte i tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv, «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction», til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i ho». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi-country som ein kan lytte til i bakrus.

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk.

Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdsrekorden i flest kryssingar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

Han kan også sjå tilbake på ein kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det:
«Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme. Han kan også sykle på eitt hjul».

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han i verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva, og tok heim ein bronsehest.