Ei slik atomulykke er heldigvis lite truleg. Likevel har atomberedskap vorte aktualisert på grunn av krigen i Ukraina.
Skjåk kommune har eit bedredskapslager med jod-tablettar. Dette lageret er stort nok til å dekke befolkninga sitt behov og vil bli distribuert ved ei eventuell ulykke.
I tillegg til kvar kommune sitt beredskapslager av jod, så tilrår Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit at kvart hushald har jod-tablettar tilgjengeleg. Per i dag er det på grunn av stor etterspørsel vanskeleg å oppdrive slike tablettar på apoteka. Dette vil truleg betre seg etter kvart. Jod-tablettar til bruk ved atomulykker er ikkje det samme som kost-tilskot som inneheld jod. Slike kost-tilskot førebygger ikkje skader etter atomulykker.
Det vil komme varsel frå myndigheitene dersom det skulle bli bruk for å ta jod-tablettar.
Det er ikkje hensiktsmessig å ta jod-tabletter før ei eventuell ulykke.