Invitasjon til lag og organisasjonar i Skjåk

Velkomne til SMIU i Signegarden måndag 25. mars kl 18.00.

Skjåk har eit aktivt og rikt lag- og organisasjonsliv

Skjåk hadde den største prosentvise folketalsauka i Oppland i 2018. Dette på trass av at nedgangen i folketalet er ein av dei største utfordringane for distrikts-Noreg. Det kan vere mange grunnar til at det gjekk så bra med Skjåk i 2018, men det er ingen grunn til å kvile på lauvbæra. Alle veit at for å bu ein stad treng ein arbeid og bustad men også eit aktivt og rikt lag- og organisasjonsliv for å trivast.

Ei viktig utfordring, er å få gjort kjent tilboda som finst både i og utanfor lokalsamfunnet. 

Skjåk kommune har engasjert ein aktivitetskoordinator som skal gjere Skjåk meir synleg. 

Vi inviterer til eit møte med representantar frå lag- og organisasjonar i Skjåk, der tema er korleis Skjåk kan gjere seg enda meir attraktiv både lokalt og for potensielle tilflyttarar.

Velkomne til SMIU i Signegarden, måndag 25. mars kl 18.00

Skjåk kommune