Innspel – Forprosjekt Nord-Gudbrandsdal Friluftsråd (NGF)Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå alle seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen saman med Regionrådet, har fått i mandat å lage ein rapport om korleis vi kan etablere eit interkommunalt friluftsråd i regionen. Målsetting «Friluftsråda skal arbeide for at alle skal få moglegheit til friluftsliv for helsefremjande, trivselsfremjande og miljøvenleg aktivitet. Friluftsråda skal ta i vare friluftsoppgåver for medlemskommunane og styrkje friluftsarbeidet i sine regionar i nært samarbeid og forståing med medlemskommunar og friluftsorganisasjonar» Les meir om friluftsråd: www.friluftsrad.no Vi ynskjer innspel frå deg For at arbeidsgruppa skal få eit breitt og variert grunnlag til å skrive rapport, ynskjer vi innspel frå dykk som har interesse og brenn for friluftsliv. Dette gjeld enkeltpersonar, lag og foreiningar, næringsliv og andre grupperingar. Vi ynskjer innspel på: Målsettinga for eit friluftsråd Organisering Kva eit friluftsråd skal jobbe med Kven friluftsrådet skal jobbe for Kven friluftsrådet bør samarbeide med Frist for attendemelding er 20. juni 2019. Innspel sendast til: stian.hoglien@regionkontoret.no Publisert av Sigrun Eide Sist endret 10.02.2023 13.47