Informasjon om krisepakka til idrett, kultur og frivilligheit

Frå 14. april kan frivilljuge lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement.  Spinning Adobe Stock

Frå 14. april kan frivilljuge lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement. 

Over heile Norge har ei rekke arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit vorte avlyst, utsett eller stengt. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

Det blir opna for søknadar 14. april, men allereie nå ligg det mykje god informasjon, vegleiing, og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.

Arrangørar  i frivillig- og idrettssektoren  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller  pålegg frå styresmaktene i samband med  koronaviruset  kan  få  kompensasjon, jf. forskrift  om midlertidig kompensasjonsordning for arrangører i frivillighets- og idrettssektoren vedtatt  3. april 2020.
Det er sett av  700 mill. kroner til kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheita (inkludert kulturfrivilligheita).  Ordninga blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det blir lagt opp til rask søknadsbehandling og utbetaling av kompensasjonen.

OBS! Lotteri- og stiftelsestilsynet kjem til å opne for søknader og legge ut søknadsskjema 14.april. Sjå rettleiarar og informasjon på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet, slik at søkarane kan førebu seg  best mogleg.  
Søknadsfristen er 21.april 2020
 

Les meir om desse ordningane på deira nettsider www.lottstift.no og www.kulturradet.no