Informasjon om koronavaksinasjon i Skjåk kommune

Om få veker byrjar vaksineringa mot korona for innbyggjarane i Skjåk kommune, og planlegging er i gang. Skjåk kommune vil fortløpande dele informasjon på kommunen si nettside og Facebook-side. 

Koronavaksinasjon er ein del av av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby vaksinasjon til sine innbyggjarar. Koronavaksina er gratis og friviljug.

Dei fyrste vaksinane vert truleg tilgjengeleg i Skjåk kommune ila januar 2021. Ila dei fyrste 2-3 månadene av året er det truleg at brorparten av dei i befolkninga som tilhøyrer den såkalla risikogruppa har fått tilbod om vaksine. Personar som skal prioriterast, jamfør prioriteringsliste under, blir kontakta for tilbod om vaksine. Ein skal altså ikkje kontakte legekontoret eller fastlege kring dette sjølv. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksiner til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet, har Regjeringa gjeve fylgjande prioritering:

  1. Personar på sjukeheim og i omsorgsbustad.
  2. Personar over 85 år
  3. Personar over 75 år
  4. Personar over 65 år
  5. Personar i risikogruppa (definert av mellom anna diagnosene overvekt, hypertensjon, KOLS, astma etc)
  6. Helsepersonell
  7. Resterande befolkning over 18 år.

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn andre grupper av befolkninga, men dette kan endrast om smittepresset aukar, og om smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Meir info om koronavaksina finn du på Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta