Informasjon knytt til kjeldesortering frå NGR

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. Her kjem litt informasjon knytt til dette.

Ny renovasjonsordning i Nord-Gudbrandsdal frå 2025

Kommunane og NGR innfører kjeldesortering av matavfall frå 1. januar 2025. Føremålet er å auke delen avfall som går til materialattvinning i tråd med nasjonale målsettingar.

Kva er nytt?

Alle abonnentar vil få dunk for oppsamling av matavfall. I tillegg går vi over til å bruke dunk for restavfall. Ordninga med grå NGR-sekkar for restavfall går dermed ut.
I Sel og Vågå held ordninga med papirdunk fram, men vi byter ut dagens dunk på 140L med ein større dunk på 240L.
Ordninga med blank sekk for oppsamling av hushaldningsplast held fram for alle.

NGR kjøper inn dunkar, eig dunkane, køyrer ut dunkane til alle abonnentar og sørgjer for vanleg vedlikehald av dunkane. Den einskilde abonnent sørgjer for reinhald.
Saman med dunk for matavfall vil abonnentane få utdelt ein rull med posar for oppsamling av matavfall. Det skal brukast ein eigen type bionedbrytbare posar som NGR bestemmer. Vanlege plastposar skal ikkje brukast. Det vil bli utarbeidd ein rettleiar for sortering av matavfall og bruk av posane.

Abonnementsgrupper

Som i dag blir det tilgjengeleg volum på restavfall som bestemmer gebyrgruppe og gebyrsats.

Abonnementsgrupper 2024

  • Gruppe A, normal sats: 36 sekkar pr år    
  • Gruppe B, låg sats: 24 sekkar pr år    
  • Gruppe C, høg sats: 48 sekkar pr år

 

Abonnementsgrupper 2025

Gruppe A, normal sats:

  • 240L dunk til restavfall
  • 140L dunk til matavfall    

Gruppe B, låg sats:

  • 140L dunk til restavfall
  • 140L dunk til matavfall    

Gruppe C, høg sats:

  • 360L dunk til restavfall
  • 140L dunk til matavfall

Abonnentane vil få utdelt dunkar tilsvarande det abonnementet ein står registrert med. Det vil bli høve til å bytte abonnementsgruppe slik som kommunane praktiserer det i dag. NGR vil då bytte dunken for restavfall.                               

Henteruter frå 1. januar 2025.

  • Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.
  • Restavfall vil bli henta kvar 4. veke.
  • Sekk for plastemballasje, og dunk for papir/papp i Sel og Vågå, blir henta kvar 4. veke.

Om køyreruter, plassering av dunkar, mm

Krav til vegstandard, oppstillingsplass for dunkar, mm., blir beskrive i revidert renovasjonsforskrift. NGR vil stort sett køyre henteruter langs dei vegane som blir køyrde i dag. Det vil likevel bli fokus på å effektivisere rutene, spesielt i område der det er lange køyreavstandar og få abonnentar. Det vil også bli lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø for renovatørane.

Dunkane kan stå permanent på henteplassen eller abonnenten kan trille dei ut på hentedagen. På hentedagen skal avfall vere klart til henting kl. 07.00. Sekkar og dunkar plasserast på eit plant underlag. Handtak på dunkane skal vende mot renovatørane. Abonnentane fjernar hindringar, brøyter snø og strør glatt underlag ved behov. Renovatøren skal kunne trille dunkane fram til bilen utan hinder, betydelege høgdeforskjellar eller tersklar/trinn. Med hinder meinast t.d. grøfter, grinder og trapper. Med tersklar meinast høgdeforskjellar over 10 cm.

Henteavstand for dunkar skal vere maks 5 meter, målt frå ytterkant veg eller ytterkant fortau.

Om å dele på dunkar

To eller fleire abonnentar kan bruke felles dunkar der det er naturleg. For restavfall vil abonnentane få same tilgjengelege volum som om ein hadde eigen dunk. Matavfall er tungt, så her vil det bli brukt dunkar på 140L også ved fellesløysingar. Ta kontakt med kommunen din dersom du ønskjer felles dunk.

Hytterenovasjon 

For hytterenovasjon gjeld framleis ei bringeordning der hytteeigarar leverer papp/papir, glas- og metallemballasje frå mat- og drikkevarer og restavfall til sjølvbetjente returpunkt. Hytteeigarar kan også bruke miljøstasjonane og levere avfall her på same vilkår som fastbuande.
Frå 2025 vil det bli etablert tilbod om utvida kjeldesortering i hytteområde av nokon storleik. Her vil ein kunne levere matavfall og plastemballasje til utplasserte behaldarar.

Anna

Nokre abonnentar har eit lager av ubrukte NGR-sekkar for restavfall frå tidlegare. NGR sin tilråding til kommunane er at sekkane skal kunne brukast til å levere restavfall på miljøstasjonane ut 2026. Det blir ikkje mogleg å levere sekkar med restavfall på henteruta.
Det vil framleis vere høve til heimekompostering etter gjevne retningslinjer.
Rettleiing for bygging av leskur/bod vil snart bli tilgjengeleg.

Meir info:

  • Kontakt Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, 
  • Transportleiar Knut Stene, tlf. 903 68 309 eller e-post: knut.stene@ngr.no
  • Dagleg leiar Pål Sverre Andgard, tlf. 909 24 111 eller e-post: post@ngr.no

Klikk her for å laste ned ovannemnte informasjon i eiget dokument. (PDF, 37 kB)