I norgestoppen

Ordførar Edel Kveen overrekte blomar og gratulerte på kommunen sine vegne - Klikk for stort bildeOrdførar Edel Kveen overrekte blomar og gratulerte på Skjåk kommune sine vegne Skjåk kommune

Årleg blir årets beste innan avl på svin i Norge rangert. Dette året er det to produsentar frå Skjåk som tek delt 2. plass i kategorien "Beste formeiringsbesetning", med heilt lik poengsum. Det er Tore Rune Kummen på garden Kummen, og Anita Tråstad og Kjell Erik Galde på garden Tråstad.

Gardbrukarar i Skjåk på norgestoppen innan svinenæringa

Årleg blir årets beste innan avl på svin i Norge rangert. Dette blir gjort med eit poengsystem basert på produksjonsresultat og avlsverdiar. Dette året er det to produsentar frå Skjåk som tek delt 2. plass i kategorien "Beste formeiringsbesetning", med heilt lik poengsum. Det er Tore Rune Kummen på garden Kummen, og Anita Tråstad og Kjell Erik Galde på garden Tråstad.

Skjåk har i mange år utmerka seg innan svinenæringa. På Kummen har det vore gris i mange år, også lengje før Tore Rune tok over i 1998. Da gjekk han frå "foredlingsbesetning" til "formeiringsbesetning". Han har i dei siste åra vore i toppen, og tek 2. plass 3. året på rad.

På Tråstad har dei også vore i norgestoppen i fleire år, og fekk 8.plass i fjor, og 4. plass året før det. Her kom fyrste grisen til gards i 1983 da far til Anita fekk ei purke. Nytt grisfjøs vart bygd i 1987, og frå 2001 vart dei formeiringsbesetning.

Ei formeiringsbesetning avlar fram purker som dei sel som livdyr til andre besetningar som driv med smågrisproduksjon. Både Kummen og Tråstad leverer gris til purkeringane Aura Gris, der navet ligg i Skjåk, og Rompa purkering med navet liggjande på Øyer. I tillegg leverer dei gris til fleire andre enkelståande bruk sjølve. Eit slik opplegg krev god planlegging og strukturering av drifta, og mykje tid blir brukt både på papirarbeid i tillegg til stell med dyra.

På Kummen er det ein arbeider tilsett på full tid i tillegg til Tore Rune. Kårkall på garden deltek også mykje enda, og sliksett er det 3 fulle arbeidsplassar her.

Kårfolket på Tråstad er også aktive i drifta enda, og dette set Anita og Kjell Erik stor pris på. Dei kan slik reise bort av og til, og ta ferie med familien. Dagleg brukar dei rundt 15 timar i grisefjøset. 3. generasjon på garden er også deltakande i gardsdrifta, men dei brukar nok mest tid hos mjølkekua. Flinke folk i tenester rundt drifta er også viktig, og dei nemner rådgjevande veterinær, fôrleverandør og lokal bank som aktive og engasjerte.

Begge produsentane dreg fram eit godt samarbeid og eit godt miljø både dei to imellom, og mellom andre i svinenæringa og i bygda elles, som svært positivt og viktig.

Skjåk kommune vil med dette gratulere begge med gode resultat, og håpar dei vil fortsetje med det gode arbeidet i åra framover!!